Små augneblink -
store opplevingar
Vi ønskjer å skape samlingar som kjennest nære og ekte – enten du kjem hit med vennegjengen, familien, kollegaer eller som besøkande på jakt etter noko annleis.
Pusavika eignar seg òg godt for små og store markeringar. Mange ønskjer ein stad der dei kan samle familie og vennar til konfirmasjon, bursdag eller andre viktige dagar – i enkle og naturlege omgjevnader.
Gjennom året inviterer vi til ulike opplevingar og kurs. Her kan du vere med på alt frå kulturhistoriske vandringar til kreative kurs og aktivitetar som til dømes “To glas & tre-trykk”. Du finn informasjon om dette under.
I tillegg til opplevingar og aktivitetar tilbyr vi sal av stubbar og andre handlaga produkt. Alt er laga med utgangspunkt i naturen og materiala i skogen rundt Pusavika.
To glas
&
tre-trykk
Ta med deg vennegjengen, kolleger eller familie og kom til Pusavika. I løpet av tre timar får de lage årringtrykk på papir. De får både pusse, brenne og trykke. Og mens trykka tørker, kan de sitte i naustet og nyte noko godt i glaset.
Pris: 600 kr pr. person
Dette inkluderer materiale, rettleiing, tre trykk (A4) med heim, kaffe/te og litt snacks.
Du kan sjølv ta med det du ønskjer å ha i glaset.
NB! Maks seks deltakarar pr. kurs.

