Bring naturen inn i heimen med eit vakkert og tidlaust årringtrykk.
Trykket er handlaga ved bruk av tradisjonell tresnitt-teknikk. Motivet er henta direkte frå naturen, der dei naturlege årringane og strukturane i treet vert svidde, børsta, måla og handtrykte over på papiret.
Sidan kvart tre har sitt heilt eige vekstmønster, og kvart trykk vert laga for hand, finst det ikkje to bilete som er heilt like. Du får eit unikt kunstverk med sjel og karakter.
Dette trykket er frå eit gamalt pæretre i Pusavika som velta under hauststormen Amy i 2025. Motivet har ei avgrensa serie på berre fire unike eksemplar. Sjølve trykket er ca 8×9 cm i storleik og papiret er ca 20×20 cm. Prisen er utan ramme. Ta kontakt om du ønskjer trykket innramma.
Teknikk: Handlaga tresnitt
Papir: Trykt på syrefritt, japansk kunstnarpapir av høg kvalitet
Merk: Sidan dette er ekte handverk, vil det vere små, unike variasjonar i farge og struktur frå trykk til trykk.